Kinn Kommune

Varsel om planoppstart: Kongshaugen, gbnr. 315/14 m.fl. - Måløy

Varsel om planoppstart: Kongshaugen, gbnr. 315/14 m.fl. - Måløy

Klikk for stort bileteI samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – Privat detaljreguleringsplan for Kongshaugen i Måløy, gbnr. 315/141 m.fl., Kinn kommune. Aktuelt planområde ligg i øvre del av Måløy, sjå figur 1. Tiltakshavar for planarbeidet er UNU Eiendomsutvikling AS.

Formål/bakgrunn for planarbeidet:

Formål med reguleringsplan er tilrettelegging for etablering av nye bustadar, der ein både legg opp område for einebustadar og tett bustadbygging (t.d. rekkehus og fleirmannsbustadar) i delar av planområde. Aktuelt planområde er i hovudsak gbnr. 315/141, samt delar av m.a. gbnr 315/ 1, 6, 8, 204 og gbnr 316/ 5, 6, 8 ,468. Delar av Kongshaugvegen er inkludert for å tilpasse avkøyring til det nye bustadfeltet, siktsoner m.m. Areal mot nordvest (oppover) er tatt med for å sikre trasé for planlagt tursti ovanfor nytt bustadområde i plan, samt legge til rette for å kunne knyte denne til det nye bustadområdet med stikkvegar/stiar. Grøntområder mot søraust er tatt med for å sikre grøntdrag i området.

I oppstartsvarsling vert det varsla for eit større område enn naudsynt for planformålet, for å kunne ha ei romsleg vurdering av tenkte plantiltak. Endeleg planavgrensing er derfor antatt å bli justert og redusert i planprosessen. Varsla planområde er ca. 75,2 daa.

I eldre reguleringsplan for Skramsfeltet, frå 1979, er området avsett til bustadformål.
Planlagde tiltak er vurdert å falle inn under formål i gjeldande reguleringsplan, men det kan bli aktuelt med noko justering av bustadformål, då ein ønsker å finne ei best mogleg løysing for vegtrasé og plassering av bustadar i terrenget. Tursti ligg innanfor areal regulert til LNF-område og vil liggje innanfor formål for friluftsliv, der formål er tenkt vidareført i ny plan.

Utgreiingsbehov:

Det er gjennomført oppstartsmøte med Kinn kommune den 02.07.2021. Planavdelinga vurderer planarbeidet til å vere i tråd med formål i overordna plan og stillar difor ikkje krav om konsekvensutgreiing i planarbeidet. Tema som skal vurderast i planarbeidet er blant anna; Landskap, estetikk og byggeskikk, infrastruktur og overvasshandtering, trafikktryggleik/-tilhøve, universell utforming, folkehelse og friluftsliv, barn og unge, funksjonshemma og eldre, biologisk mangfald, naturfare mfl. Verknad av desse vil bli vurdert i planomtalen i tillegg til utarbeiding av ROS-analyse.

Vurdering i høve forskrift om konsekvensutgreiing:

Formål med planarbeidet, og forslag til planformål, er vurdert å samsvare med overordna plan, og fell såleis ikkje inn under forskrifta §6, vedlegg 1. Planen gjeld tiltak etter plan- og bygningslova, og fell såleis heller ikkje inn under forskrifta §7. Vidare er det vurdert at plantiltak ikkje fell inn under vedlegg 2, at tiltaka ikkje vil føre med seg vesentleg verknad for miljø eller samfunn etter forskrifta §10, og at planen då heller ikkje fell inn under forskrifta §8.

Planarbeidet er på dette grunnlag vurdert å ikkje falle inn under forskriftas saklege verkeområde, og dermed heller ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU).

Medverknad:

Fagmynde, grunneigarar/naboar mfl. vert inviterte til å kome med innspel gjennom varsling og kunngjering av planoppstart. Det vert lagt opp til dialog og avklaringar med aktuelle fagmynde undervegs i planprosessen etter behov.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 19.10.2021.

Innspel sendast til iVest Consult, Strandgata 15, 6905 Florø, e-post post@ivestconsult.no. Telefon 976 27 000 / 960 18 986.

Plandokument

Kongshaugen planoppstart
Tittel Publisert Type
Referat fra oppstartsmøtet - Detaljregulering for Kongshaugen, gbnr. 315141 m.fl, bustad

17.09.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Referat fra oppstartsmøtet - Detaljregulering for Kongshaugen, gbnr. 315141 m.fl, bustad.pdf
2021005_RP Kongshaugen Måløy_ Planinitiativ_20210625

17.09.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2021005_RP Kongshaugen Måløy_ Planinitiativ_20210625.pdf
Vedlegg - Varsla planområde

17.09.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg - Varsla planområde.pdf