Utlysning av SMIL- midlar, drenering og tiltak i beiteområde

Bilde av eit gjerde som går langs eit jorde. I bakgrunnen ser ein sjø.  - Klikk for stort bilete

Kinn kommune har fått tidelt midlar som bønder eller beitelag kan søke på. Søknadsfrist er 1. april 2024.

Ved spørsmål ta kontakt med plansjef Leni Marie Lisæter,  tlf. 99 02 94 61, eller e-post leni.liseter@kinn.kommune.no

Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL)

Føremålet med SMIL-midlane er å fremme natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet, og redusere ureining frå jordbruket utanom det ein kan forvente gjennom vanleg jordbruksdrift.

Det er berre dei som mottek produksjonstilskot, eller er registrert med føretak og leiger ut areal, som kan søkje på SMIL midlar.

Døme på Smil-tiltak som er aktuelle å støtte:

  • Rydde tidlegare kulturmark/beitemark
  • Rydding av gamle ferdselårer, støls og driftevegar
  • Restaurering av bevaringsverdige bygg etter antikvariske prinsipp

Andre tiltak: skjøtsel/brenning av kystlynghei, dekke over eksisterende gjødsellager, erosjonssikring.

Tilskotsprosent og kva tiltak som vert prioritert vil avhenge av søknadsmengda.

Søk om SMIL-midlar her

Les meir om smil-midlar her

Tilskot til tiltak i beiteområde

Føremålet med tilskotet er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda.

Lag registrert i enhetsregisteret som organiserer næringsmessig beitedrift kan søkje om midlar til tiltak i beiteområdet.

Aktuelle tiltak:

  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Bruer dimensjonert for dyr og folk
  • Sperregjerder for å sikre at dyr ikkje kjem over i farleg område
  • Gjetarhytter/sankehytter
  • Elektronisk overvakingsutstyr

Tilskotsprosent og kva tiltak som vert prioritert vil avhenge av søknadsmengda.

Søk om tilskot til tiltak i beiteområde her

Les meir om tilskot til tiltak i beiteområde her

Søknadsfrist for SMIL og tilskot til tiltak i beiteområde er 1. april. Dersom det er midlar att, vil vi ha ei ny utlysing til hausten.

Tilskot til drenering

Tilskot til drenering skal betre kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord for å auke produktiviteten, samt å redusere risiko for erosjon og overflateavrenning til vassdrag. Eigar av, eller føretak som leiger, tidlegare grøfta jordbruksareal kan søke.

Søk om tilskot til drenering her

Les meir om tilskot til drenering her¨

Ramma for drenering er dessverre låg i år.  Årsaka til dette er at det ikkje vart satt av auka ramme til drenering over jordbruksoppgjeret. Statsforvaltaren i Vestland oppmodar om at bøndene søker om tilskot for å synleggjere behovet for meir midlar.

 Handsaming av søknadar: fortløpande.

Lokale retningslinjer

Det er laga lokale retningslinjer for SMIL-midlar for Vågsøy og Flora tidlegare, men det er ikkje laga felles retningslinjer for Kinn. 

Ramme for Kinn for 2024

  • SMIL: 430 000 kr
  • Beitebruk: 110 000 kr
  • Drenering: 51 000 kr
Ordning20242023

 2022

SMIL430 000400 000

350 000

Beitebruk110 000125 000

75 000

Drenering51 000200 000+ tilleggsløyvingar

200 000