Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

16.07.2021 08.29

Utleggingsmanntal - stortingsvalet 2021

Utleggingsmanntal - stortingsvalet 2021

Klikk for stort bileteNo kan du sjekke om du står oppført i manntalet. Valgdirektoratet  Manntalet er oversikta over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunne røyste til stortingsvalet må du stå innført i manntalet i ein kommune.

Alle personar med røysterett førast automatisk inn i manntalet i den kommunen dei var registrert i Folkeregisteret som busett per 30. juni i valåret. Om du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet (og har røysterett) i den kommunen du flytta frå.

Sjekk om du står i manntalet

Manntalet for Kinn vert lagt ut til gjennomsyn frå og med 9. juli og fram til valet. Du kan då sjekke om du står i manntalet i Kinn på Informasjon og service på rådhuset i Måløy, Gate 1 nr 120, og på Informasjon og service i Florø, Markegata 51. 

Du kan også ringe Kinn kommune på tlf. 57 75 60 00, og få opplyst over telefon om du står oppført i manntalet.