Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

10.05.2021 13.28

Ungdommens kulturpris 2021

Ungdommens kulturpris 2021

Klikk for stort bileteHar du forslag til kven som skal få ungdommens kulturpris i Kinn i 2021? No kan du sende oss dine nominasjonar.

Alle kan sende inn forslag på kven dei meiner bør få ungdommens kulturpris 2021. Personar du foreslår, skal ha ei tilknyting til kommunen.

Merk forslag til prisen med «Nominasjon ungdommens kulturpris».

Forslag skal innehalde namn på den du ønskjer skal få prisen og ei kort grunngjeving av kvifor du meiner dei er ein god kandidat.

Her kan du sende inn forslag til kulturpris og mangfaldpris, eller søkje på kultur-eller idrettsstipend.

Send inn forslag til oss på post@kinn.kommune.no

Frist for innsending er 26. april 2021.

Ungdommens kulturpris

Prisen går til nokon som har lagt ned stor innsats for å styrke ungdomskulturen, har utvikla seg sjølv til eit høgt nivå innan eit kulturområde, eller har gjort ein stor innsats for andre ungdommar.

Prisen kan bli utdelt til enkeltpersonar, organisasjonar eller grupper.

Ungdommens kommunestyre avgjer kven som skal tildelast Ungdommens kulturpris.

Kontakt

Ylva Petrikke Seljenes
Bibliotekar og kulturmedarbeidar, Måløy
E-post
Telefon 57 84 51 33