Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside. Lokal informasjon finn du her.

 

05.10.2020 10.56

TV-aksjonen 2020 - Delta som digital bøssebærar!

TV-aksjonen 2020 - Delta som digital bøssebærar!

Klikk for stort bileteDelta som digital bøssebærar for TV-aksjonen 2020!Vil du vere med på å bidra til TV-aksjonen 2020? I år treng vi digitale bøssebærarar! TV-aksjonen i år går til World Wildlife Fund sin innsats for å redusere plastutslepp i havet.

Åtte millionar tonn plast går i havet kvart år. Plasten truar ikkje berre dyrelivet, men også oss. Med konkrete tiltak der problema er størst, skal årets TV-aksjon ta plasten ved rota. Saman skal vi redusere plastutsleppa våre og ta vare på verdshava!

Bli med som digital bøssebærar!

Hjartet i TV-aksjonen er bøssebærarane. Den enklaste måten å engasjere seg på er å opprette ein eigen digital bøsse og samle inn pengar i ditt nettverk. Slik gjer du det:

TV-aksjonen starter 18. oktober, men du kan allereie no registrere deg som bøssebærar og samle inn pengar!