Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

 
24.09.2021 14.01

To har fått påvist koronasmitte i Florø

To har fått påvist koronasmitte i Florø

Klikk for stort bileteTo personar har fått påvist koronasmitte det siste døgnet.To personar i Florø sit i isolasjon etter positive koronaprøver. Ein av dei smitta er tilsett i barnehage.

På morgondagen i dag vart det iverksett testing av alle barna i avdelinga til den barnehagetilsette. Den andre personen som er smitta er i relasjon til den barnehagetilsette.

Begge dei smitta er uvaksinerte og har lette symptom på forkjølelse. Familiemedlem til dei to sit no i karantene.

Kommuneoverlege Kjell Arne Nordgård seier dei er i gang med smittesporing, og at det er for tidleg å seie noko om det er venta vidare smitte.