Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

 
24.09.2021 14.01

Tilbod om vaksinasjon for born og ungdom i alderen 12 - 15 år

Tilbod om vaksinasjon for born og ungdom i alderen 12 - 15 år

Klikk for stort bileteBarn og ungdom frå 12 til 15 år for no tilbod om koronavaksine. Unsplash Regjeringa har vedteke at 12 til 15-åringar skal få tilbod om koronavaksine, slik Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler. Aldersgruppa vil i første omgang få tilbod om éin vaksinedose.

Kven får tilbod?

Alle born fødde i 2006, 2007 og 2008 får tilbod om vaksine. For 2009-kullet gjeld det born som har fylt 12 år. Dei som ikkje har fylt 12 år vil få tilbod etter fylte 12 år.

FHI påpeikar at ungdom i alderen 12-15 år generelt har svært god effekt av vaksinen, og det er sannsynleg at beskyttelsen vil vare lenger etter ein dose i denne aldersgruppa, enn hos vaksne.

Gjennomføring av vaksinering

Kinn kommune arbeider med å få på plass logistikken rundt vaksinering av målgruppa, og det vil vere eit samarbeid mellom skulehelsetenesta og skulane. Vaksinasjonen vil finne stad på den enkelte skule i skuletida. Generell informasjon har blitt sendt ut til skulane, slik at foreldre og born kan ta stilling til om dei ønskjer vaksinasjon.

Samtykke:

Det er foreldra som tek den endelege avgjerda om vaksinering av borna. Unge i alderen 12-15 år er ikkje helserettsleg myndige, men dei skal høyrast i avgjerd om eiga helse. Koronavaksinasjon forutset samtykke frå begge foreldre eller den som har foreldreansvaret.

Vaksineringa startar i veke 36 og vil halde fram i veke 37 og 38, og vil vere eit samarbeid mellom skulehelsetenesta og skulane.