Til deg som nyttar heimetenesta eller er pårørande: Snart kan du kommunisere med heimetenesta i kommunen via Helsenorge!Lytt til tekstenStopp avspillingIllustrasjon: Bly Kinn kommune skal starte opp med digital innbyggardialog som er eit nasjonalt prosjekt kalla «Digihelse». Her kan du blant anna sende og motta meldingar frå helse- og omsorgstenesta i kommunen, sjå avtalar om heimebesøk, og avbestille besøk. Plan for oppstart er 8.02.2023, då vil det gå ut ei melding til dei som mottek tenester frå Kinn kommune, og i tillegg dei som nyttar seg av helsenorge.no. Med Digihelse kan innbyggarane sende og motta meldingar frå helse- og omsorgstenesta i Kinn kommune sjå avtalar om heimebesøk og avbestille besøk få varslar om utførte heimebesøk på tekstmelding eller e-post Les meir om Digihelse her Sjå korleis løysinga fungerer, i filmane om Astrid og Christian Publisert av Frida Rogne Publisert 18.01.2023 15.00 Sist endra 18.01.2023 15.05