Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

Ingen nye koronasmitta personar i Kinn det siste døgnet (oppdatert 15. januar 2021).
15.01.2021 07.48

Test av ny mobil-app for føresette i enkelte skular og barnehagar

Test av ny mobil-app for føresette i enkelte skular og barnehagar

Klikk for stort bilete Element5 Digital frå Unsplash Frå onsdag 25. november tilbyr vi ein ny mobilapplikasjon for enkelte skular og barnehagar. Appen vil hjelpe deg som føresatt å halde kontakt med skulen/barnehagen på ein oversiktleg og trygg måte.

I fyrste omgang vil nokre skular og barnehagar få moglegheit til å nytte appen. Dei vil teste den ut og luke ut eventuelle problem før alle skular og barnehagar får bruke appen.

Kven får tilbodet?

Skulane og barnehagane som får tilgang i denne omgang er:

  • Brandsøy skule og barnehage
  • Torvmyrane skule og barnehage
  • Stavang skule og barnehage
  • Eikefjord barne- og ungdomsskule

Om appen

Applikasjonen er utvikla av Tieto, som er tilbydaren vår for fagsystem innan oppvekst. Den er knytt opp mot skulesystema og barnehagesystema, slik at opplysingar om barnet/barna, vil kome fram når du nyttar appen. Du kan mellom anna:

  • Melde fråvær, samt sjå fråværsoversikt
  • Halde kontakt med kontaktlærar eller pedagogisk leiar, gjennom meldingar
  • Registrere tidsskjema for når barnet ditt er i barnehagen
  • Sjå timeplan for elevar
  • Få nyhende frå klassen, avdelinga, skulen eller barnehagen din         

Når du bruker appen, må du logge deg inn med ID-porten (MinID/BankID/Comfides etc). Du kan laste ned appen til både Android og iOS. Appen heiter Tieto EDU.

Når kan du laste ned appen?

Du kan allereie no laste ned appen i anten Google Play eller AppStore. Vi begynner å teste appen tidlegast frå 25. november i år. Hugs at vi er i starten med å nytte appen, og bruker denne tida til å teste den ut i høve til våre system. Viss du ser feilopplysingar eller liknande kan du melde dette til post@kinn.kommune.no.

Viktig

Skriv aldri sensitive personopplysningar i kommentarfelt eller i meldingar til skulen eller barnehagen, til dømes helesopplysningar.

Legg heller ikkje inn meldingar av sensitiv art slik som til dømes mobbesaker. Ta kontakt med skulen eller barnehagen direkte.

Nyttar du ikkje appar?

Nettside med same funksjonalitet som i Tieto EDU, finn du her.

Rettleiarar

Nedanfor kan du laste ned rettleiarar til korleis du kan bruke appen og få fullt utbyte av den: