Kinn Kommune

Temadag for deg som er mellom 70 og 75 år

Temadag for deg som er mellom 70 og 75 år

Klikk for stort bileteVi inviterer til temadag om aktiv aldring! For deg som er mellom 70 og 75 år.Vi inviterer til temadag om aktiv aldring for deg som er mellom 70 og 75 år. Påmeldingsfrist er 4. oktober!

I Florø

Dato: Onsdag 6. oktober 2021.
Tid: Kl. 11.00 - 15.00.
Stad: Arrangementet er flytta frå Florø kulturhus til Quality hotell.

I Måløy

Dato: Onsdag 6. oktober 2021
Tid: Kl. 11.00 - 15.00.
Stad: Rådhuset i Måløy, 3. etg i formannskapssalen.

Tema for dagen:

  • Informasjon om aktivitetstilbod i kommunen
  • Brannsikkerheit
  • Ernæring
  • Fallførebygging og fysisk aktivitet
  • Tilrettelegging og teknologi i heimen

Påmelding

Du som er invitert må gjerne ta med deg ein venn eller ektefelle. Tilbodet er gratis og ope for alle. Påmelding innan 4. oktober til sentralbordet vårt på telefon 57 75 60 00.