Kinn Kommune

Telenor søkar pilotbrukarar til 5G-nett

Telenor søkar pilotbrukarar til 5G-nett

Klikk for stort bileteTelenor søkar pilotbrukarar til testing av 5G-nett5G-pilotprosjektet har gått føre seg i eit par månader med eit særs avgrensa tal brukarar. Erfaring frå desse brukarane er gode, og piloten skal over i ein ny fase. Telenor ønskjer no å rekruttere inntil 50 pilotbrukarar til denne fasen.

Pilotbrukarane Telenor ønskjer å rekruttere må vere innanfor ein radius på 5 kilometer frå mobilstasjonen på Flokeneset. Det betyr at piloten dekker område i både Askvoll, Kinn og Sunnfjord kommunar (sjå kartet ovanfor).

Telenor har problem med å få rekruttert tilstrekkeleg med brukarar for å teste løysinga. Mange av brukarane har reservert seg mot telefonsal, og Telenor har difor problem med å nå ut til potensielle brukarar direkte.

Meir informasjon

Du kan lese meir om ordninga på Telenor si heimeside. Du kan også registrere interesse for å teste løysinga i lenka nedanfor.