Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

Ingen nye koronasmitta personar i Kinn det siste døgnet (oppdatert 15. januar 2021).
15.01.2021 07.48

Status på breibandsutbygging i kommunen

Status på breibandsutbygging i kommunen

Klikk for stort bileteVi har om lag 700 husstandar og 150 fritidsbustadar, samt verksemder i Kinn som ikkje har tilstrekkeleg breibandsdekning.

I november inviterte vi breibandsleverandørar til ein leverandørkonferanse (kreativ anskaffing) via Doffin. Konferansen var todelt og vel utført. Denne konkurransen har gitt oss eit godt grunnlag til å gje innbyggarane i Kinn ei god breibandsdekking til ein vesentleg lågare pris enn den tradisjonelle måten for slike prosessar.

Fleire grendalag har sendt innspel om breibandbehovet i deira områder. Innspela har vore, og vil vere, viktige i fortsetting i kommunen sin vidare prosess. Kinn kommune vil fortsette samarbeidet med grendalaga for utbygging av breiband.

Kommunedirektøren skal legge fram ei sak til politisk handsaming i februar/mars 2021. Der skal vi presentere prosjektforslaga for breibandutbygging i forskjellige område i Kinn kommune, med mogleg tekniske løysingar, framdrift og kostnadskalkyle.

Breibandutbygging er krevjande både økonomisk og framdriftsmesseg. Vi har stor forståing for innbyggarane sine behov og nødvendigheta i saka. Kinn kommune prioriterer breibandutbygginga høgt.

Bakgrunn

Det er ein god del område i kommune som ikkje har tilfredsstillande «Breibandstilgang». Utbygging av breiband er naudsynt for å sikre alle innbyggarar i Kinn kommune tilstrekkeleg kapasitet og stabilitet i den digitale kommunikasjonen og kvardagen.

Dette har blitt gjort særleg gjeldande no under Covid-19-epidemien, når langt meir av samfunnsaktiviteten skjer via digitale løysingar. Både behovet og teknologien er i stor endring.

Kinn kommune har som mål å gi tilbod om breiband til alle innbyggarar, verksemder og fritidseigedomar i kommunen.

Med Telenor si varsla sanering av koparnettet vil mange i kommunen miste nettilgangen sin, dette framskyndar behovet for alternative løysingar. I ein del områder i kommunen er det allereie bygd fiber, og det er også pågåande prosjekt som er i ferd med å bli ferdigstilt.

Vi ser for oss ein kombinasjon av teknologiar tilpassa dei ulike områda i kommunen.

Aktuelle teknologiar er mellom anna fiber, FWA (Mobilt heimebreiband basert på 4G/5G) og radiobaserte nett basert på lisensierte eller ulisensierte frekvensar.

For å møte behovet for nettilgang ynskjer vi framtidsretta og kreative løysingar. 

Dette sikrar innbyggarar og verksemder eit best mogleg og framtidsretta tilbod.