Kinn Kommune

Søknad om barnehageplass 2023-2024 i Kinn kommune

Søknad om barnehageplass 2023-2024 i Kinn kommune

To barn som leikar med kvar sin leike med hjul.  - Klikk for stort bilete

Du kan no søke om barnehageplass til nytt barnehageår som startar 21.08.2023. Søknadsfrist til hovudinntak til barnehageåret er 15.02.2023.

  • Barn som fyller 1 år i løpet av november 2023 har rett til barnehageplass. NB: For å oppfylle retten til plass, må det søkast om barnehageplass til hovudinntaket.
  • Barn som fyller 1 år etter 30. november 2023 har ikkje lovfesta rett til barnehageplass kommande barnehageår, men Kinn kommune har inntil 14 plassar til barn utan rett til plass. NB: For å få barnehageplass utan rett til plass må det søkast barnehageplass til hovudinntaket.
  • For barn som skal endre barnehageplass eller som ønsker å bytte barnehage, må ein søke til hovudinntaket.

Søknadsskjema og meir informasjon om samordna opptak i barnehage

Dokumentasjon som skal følge søknad til barn som har prioritet til barnehageplass etter barnehagelova § 18, må sendast til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy.

Barn som har barnehageplass, skal det ikkje søkast om plass for.

Barnehageplassar vert tildelt i samsvar med lov om barnehagar m/forskrifter og vedtekter for kommunale barnehagar i Kinn kommune.