Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

 
24.09.2021 14.01

Søk om heimerøysting til stortingsval 2021

Søk om heimerøysting til stortingsval 2021

Klikk for stort bileteDersom du på grunn av sjukdom, karantene, isolasjon eller funksjonshemming ikkje kan møte opp og røyste der det vert halde førehandsrøysting, eller ikkje kan møte opp og røyste på valdagen, kan du søkje valstyret om å få røyste heime. 

Søk om å førehandsrøyste heime

Dersom du på grunn av sjukdom, karantene, isolasjon eller funksjonshemming ikkje kan møte opp og røyste der det vert halde førehandsrøysting, kan du søkje valstyret om å få røyste heime. Du kan fram til fredag 10. september kl. 10.00 søke om å førehandsrøyste heime. Det same gjeld dersom du er i karantene eller isolasjon.

Søk om å røyste heime på valdagen

Dersom du på grunn av sjukdom, karantene eller isolasjon ikkje kan møte opp og røyste på valdagen, kan du søkje valstyret om å få røyste heime. Frist for dette er 13. september kl. 10.00.

Søknad og frist

Du ringer valansvarleg på telefon 57 75 60 00 eller sender skriftleg søknad til:

Kinn kommune
Valstyret
Gate 1, 120
6700 Måløy

Eller per e-post til post@kinn.kommune.no.

Vi treng ditt namn, telefonnummer, adresse, og ønskja dato/tid for røysting på dagtid mellom kl. 9.00 - 15.00.