Kinn Kommune

Søk barnehageplass innan 15. februar!

Søk barnehageplass innan 15. februar!

Klikk for stort bileteSøknadsfrist for hovudinntak til barnehage er 15. februar 2020.Du kan no søkje om barnehageplass til nytt barnehageår som startar 17. august 2020. Søknadsfrist er 15. februar for hovudinntaket.

Barn som fyller 1 år i løpet av november 2020 har rett til barnehageplass. For å oppfylle retten til plass, må det søkjast om barnehageplass til hovudinntaket.

Søk barnehageplass

Informasjon om samordna opptak i barnehage finn du under "Oppvekst og utdanning – Barnehage». Her finn du og ulik informasjon om barnehagane. 

Dokumentasjon som skal følgje søknad til barn som har prioritet til barnehageplass etter barnehagelova §13, må sendast per post til: Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy.

Barn som har barnehageplass, skal det ikkje søkjast om plass til. For barn som skal endre barnehageplass mellom kommunal og privat barnehage, må det søkjast om barnehageplass for.  

Barnehageplassar vert tildelt i samsvar med Lov om barnehagar m/forskrifter og vedtekter for kommunale barnehagar i Kinn kommune.

Søknadsfrist til hovudinntak til barnehageåret er 15. februar 2020.