Oppdatering 12. januar:
Idrettsvegen i Måløy er opna igjen, melder brøytevakta.
Det har kome relativt mykje snø det siste døgnet. Vårt personell og innleigde entreprenører har heile tida vore ute med fullt mannskap for å rydde vegane.
Det er svært glatt mange stader og vi ber folk vere varsam når dei ferdast i trafikken.
Hovudvegane er prioriterte og ryddast først. Umiddelbart etterpå starter vi å rydde sidevegar, tilkomstvegar, boliggater, fortau, tilkomst til offentlege bygg osv. Turstiar vert brøyta ved kapasitet.
Einskilde kommunale vegar kan bli mellombels stengde dersom vi vurderer det naudsynt. Dette for at vi skal rekke å rydde vegen før den blir tatt trygt i bruk. Idrettsvegen, Halsbakken og Bedehusbakken i Måløy er no mellombels stengd. For tilkomst til Trollskogen barnehagen må ein nytte Skramslia.
Publisert avHenrik Ulriksen
Publisert11.01.2021 08.17
Sist endra12.01.2021 17.02