Kinn Kommune

Signering av kontrakt for nytt rådhus i Florø

Signering av kontrakt for nytt rådhus i Florø

Klikk for stort bileteiVest Consult v/ Albert Frøyen og ordførar Ola Teigen signerer kontrakt på oppdrag om nytt rådhus i FlorøiVest Consult har fått oppdraget med å teikne nytt rådhus i Florø. Ordførar Ola Teigen og iVest Consult v/ Albert Frøyen har no signert kontrakt på oppdraget.

Det nye rådhuset vil basere seg på tidlegare konseptteikningar som vart lagt fram for Flora formannskap 27. november 2018. Det som den gong vart lagt fram for formannskapet var eit skisseutkast for mogeleg vidare utvikling av kvartalet (bankhola), og eit grunnlag som det skulle arbeidast vidare med både i volum/storleik, utforming og materialbruk.

Det er eit mål om at teikningar på det nye rådhuset skal til politisk behandling og vedtakast innan sommaren 2020. Ordførar Ola Teigen har ambisjonar om at anbudsprosess på utbygging skal lysast ut hausten seinare i år. 

Verdien på kontrakten mellom Kinn kommune og iVest Consult er i underkant av 2 millionar kroner.