Registrering av 700 eldre og verneverdige bygningarLytt til tekstenStopp avspillingPå oppdrag for Riksantikvaren gjennomfører Asplan Viak i perioden 12.06.2023 – 16.06.2023 ei registrering av eldre og verneverdige bygningar i tidlegare Flora kommune. Registreringa vil ikkje få nokon konsekvensar for huseigar Det skal ikkje vurderast verneverdi eller spørsmål knytt til kommunal byggesaksbehandling, eigedomstaksering eller liknande. Registreringa er utvendig og det vil bli teke 3-5 eksteriørbilde av husfasadane. Dersom registrator har behov for å gå inn på privat grunn, vil vedkommande ringe på og identifisere seg. Det skal registrerast ca. 716 objekter i kommunen. Asplan Viak ber om forståing for at det vil vere praktisk umogleg å skulle gjere avtalar med alle huseigarar på førehand. I overvakingsprogrammet blir tap og skade på bygningar som enten er SEFRAK-registrert, kommunalt verneverdige eller statleg listeførte registrerte. Registreringa vert gjennomført kvart femte år i 18 kommunar, deriblant Floradelen av Kinn kommune. Meir informasjon Infobrev Kinn kommune (PDF, 57 kB) NIKU Oppdragsrapport 55-2019 Flora (PDF, 7 MB) Fotoregistrering av eldre bygningar i tidlegare Flora kommune (PDF, 104 kB) Publisert av Frida Rogne Publisert 23.05.2023 16.23 Sist endra 23.05.2023 16.23