Kinn Kommune

Rådgjevande folkerøysting: Står eg i manntalet?

Rådgjevande folkerøysting: Står eg i manntalet?

Manntalet er oversikta over alle som har røysterett i kommunen. For å kunne førehandsrøyste og røyste på valdagen må du stå innført i manntalet i Kinn kommune.

Du som har røysterett er automatisk ført inn i manntalet i den kommunen du var registrert i Folkeregisteret som busett per 30. juni. Om du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i Kinn sitt manntal, og du har røysterett.

Sjekk om du står i manntalet

Manntalet til førehandsøystinga er lagt ut til gjennomsyn 20. juli og fram til valdagen 1. september. Du kan då sjekke om du står i manntalet i Kinn på Informasjon og service på rådhuset i Måløy, Gate 1 nr 120, og Informasjon og service i Florø, Markegata 51.

Du kan også ringe oss på tlf. 57 75 60 00, og få opplyst over telefon om du står i manntalet.