Kinn Kommune

Positivt vedtak om samfinansieringsprosjekt i Vestland fylkeskommune

Positivt vedtak om samfinansieringsprosjekt i Vestland fylkeskommune

Samferdsleutvalet i Vestland fylkeskommune vedtok 14.09.2022 sak om samfinansiering av fylkesvegprosjekt. Dette er ei viktig oppfølging av vegprosjekt som blei tatt inn i Regional transportplan (RTP) i fylkestinget i juni, derav fleire prosjekt i Kinn kommune.

Prosjektet Kapellneset – Raudeberg er eitt av desse, og føresetnaden for å realisere prosjektet er samfinansiering med fleire aktørar, både offentleg og privat. For å sikre gjennomføring av dette prosjektet er det oppfølging i fylkeskommunen svært viktig. Kapellneset – Raudeberg var spelt inn frå Kinn kommune til Regional transportplan våren 2022.

I oppfølginga seier fylkespolitikarane i vedtaket at dei er positive til ordninga med samfinansiering, særleg for prosjekt som gir betre trafikktryggleik. Vidare er det vedtatt at samfinansieringsprosjekt skal ha prioritet inn i arbeidet med rullering av RTP handlingsprogram for investeringar og i budsjettet. Til slutt er det understreka viktigheita av god og utstrekt dialog med kommunar.

I saka er aktuelle tiltak for samfinansiering frå Regional transportplan nemnt, deriblant Kapellneset – Raudeberg: «Utbetring av Fv617 Kapellneset - Raudeberg (samfinansiering) vil opne for at næringslivet i Vågsøy får nytta overskotsmassar i ei stor og planlagt næringsutbygging». Fylkesdirektøren er i gong med gjennomgang av aktuelle prosjekt for vidare planlegging.

Saka skal vidare til fylkesutvalet og fylkestinget dei to komande vekene.

Saksdokument frå Vestland fylkeskommune kan du sjå her (PDF, 122 kB)

Protokoll hovudutval for samferdsle og mobilitet (PDF, 17 kB)