Kinn Kommune

Aktuelt

25.05.2022 08.32

Plan-, miljø og næringsutvalet besøkte Mowi sitt settefiskanlegg i Haukå i dag

Plan-, miljø og næringsutvalet besøkte Mowi sitt settefiskanlegg i Haukå i dag

Utvalsleiar Jakob Nødseth fortel om utvalet si synfaring tysdag 12. mai Kinn kommune Plan-, miljø- og næringsutvalet dro på to synfaringar før møtestart kl. 13.00 i dag. Utvalsleiar Jakob Nødseth oppsummerer kva utvalet erfarte på besøket i Nesjane i Eikefjord, og Mowi i Haukå.

Mowi ASA er eit verdsleiande sjømatselskap med om lag 11 - 14 tilsette, og verdas største produsent av atlantisk laks. Mowi har viktige funksjonar i Kinn som settefiskanlegg, matfiskanlegg og operasjonssentral i Måløy for matfiskanlegga på Sunnmøre, i Nordfjord og Sunnfjord.

Anlegget i Haukå har i to runder vore utvida. Mowi kom med framlegg til ny detaljreguleringsplan til Kinn kommune i april 2021, og fekk planen slutthandsama i april 2022. I denne perioden vart det utarbeidd konsekvensutgreiing, og planen hadde vore lagt ute til offenleg ettersyn. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for utviding og auke av dagens produksjon av fisk for å auke snittvekt på smolt før denne settast ut i sjø, samt legge betre til rette for lasting av brønnbåt og transport på kjøl av fôr til heile anlegget.

Auka snittvekt vil vere eit førebyggande tiltak mot luseutfordringar. Mowi legg opp til etablering av eit nytt RAS-anlegg «Recirculating Aquaculture Systems», eit landbasert smoltanlegg der vatn i anlegget i stor grad vert resirkulert. Det har vore viktig for Kinn kommune å samarbeide med selskapet om å realisere desse planane, men kommunen har også stilt miljøkrav og estiske krav til uforming av nytt anlegget i samband med planarbeidet.

Utvalet hansama i dag desse sakene

I vår møteplan kan du sjå sakene som plan-, miljø- og næringsutvalet har handsama i dag. I løpet av få dagar kan du på same stad lese vedtakene som vart gjort i kvar einskilde sak. 

Gå til møteplanen vår.