Kinn Kommune

Overskot av steinmassar frå utdjuping av leia inntil Westcon Yards

Overskot av steinmassar frå utdjuping av leia inntil Westcon Yards

Klikk for stort bileteI samband med planlegging av utdjuping av leia inntil Westcon Yards, arbeider kommunen med å finne høveleg samfunnsnyttig plassering av overskotstein. 

Det er førebels vurdert at det kan vere snakk om mellom 350 000 til 500 000 m3. Steinen må dumpast frå lekter på minimum 3 – 4 meters djup. Det må vere i nærleiken, eller i området kring innseglinga til Florø. Det er førebels ikkje definert ei eksakt grense for kor langt unna anleggsområdet det kan vere aktuelt å dumpe steinen.

Kommunen skal nytte noko av steinen til eigne prosjekt, men langt i frå alt. Kommunen er interessert i å kome i kontakt med aktørar som har områder / prosjekt som kan vere aktuelle for dumping av stein. Områder som er sett av til utbygging i kommune- eller reguleringsplan vil bli prioritert. Det vil også, i samarbeid med Kystverket, bli lagt vekt på avstand til anleggsområdet.

Den som skal ta i mot stein må sjølv syte for naudsynte løyver for fylling av stein.

Dei som kan ha interesse av å ta imot slik stein kan kontakte Kinn kommune v/kommunalsjef Rolf Bjarne Sund på tlf. 91710500, eller e-post rolf.bjarne.sund@kinn.kommune.no.

Frist er 18 september.