Kinn Kommune

Aktuelt

25.05.2022 08.32

Ordførar Ola Teigen oppsummerer vedtak frå formannskapet i dag

Ordførar Ola Teigen oppsummerer vedtak frå formannskapet i dag

Ola Teigen informerer om vedtak frå formannskapet 10.05.22 Kinn kommune Formannskapet har i dag vedtatt investeringar i gode tiltak for lokalsamfunnet. Ordførar Ola Teigen informerer om denne saka, og nokre av dei andre viktige sakene formannskapet har handsama i dag.

I teksten nedanfor videoen kan du lese meir om investeringane som formannskapet har vedtatt.

I følgande video kan du sjå ordførar oppsummere litt om vedtaka som formannskapet har gjort i dag.

Formannskapet vedtar 1,74 millionar kroner til samfunnsnyttige tiltak

Kommunestyret vedtok i fjor å sette av 10 millionar kroner til mindre investeringar i 2022. På same tid vedtok dei å nytte 4,55 millionar til ulike samfunnsnyttige tiltak. No vil formannskapet nytte ytterlegare 1,74 millionar til andre gode tiltak.

Investeringane formannskapet har vedtatt i dag er

  • Oppfinansiering av vegprosjekt på øya Kinn
  • Reparasjon av skade/ferdigstilling av prosjekt Kinn kyrkje
  • Forprosjekt servicebygg for reiselivsdestinasjonar (Kinn, Refvik, Kannesteinen og Kråkenes)
  • Flytting av statua Sildeguten til torget i Måløy
  • Dagsturhytta i Eikefjord (med føresetnad om at kommunen og Eikefjord idrettslag er samde om avtale)
  • Miljøstranda i Eikefjord (til påfylling av skjelsand og utbetring av grillhytta)

Samla oversikt for investeringar i 2022

Her ser du samla disposisjon av tiltak og midlar for mindre investeringar i 2022. - Klikk for stort bileteHer ser du samla disposisjon av tiltak og midlar for mindre investeringar i 2022. Kinn kommune
Med investeringane formannskapet i dag har vedtatt, og etter tidlegare vedtak i kommunestyret, gjenstår 2,91 millionar kroner til investeringar i 2022.

I tillegg til dagens vedtak, har kommunestyret tidlegare i år vedtatt å nytte midlar for trådlaust nettverk i Måløy, og pott for etablering av WiFi-punkt i øyane. Det er også vedtatt midlar for etablering av trådlaust nett i Florø sentrum/gjestehamna.