Kinn Kommune

Opningstider og informasjon om barnehage, skule og SFO frå 08. juni

Opningstider og informasjon om barnehage, skule og SFO frå 08. juni

Klikk for stort bileteFrå og med 08.juni vil barnehagane har ordinære opningstider. Etter siste oppdatering av smittevernrettleiarane, er det innført eit «trafikklys-system» som skal seie noko om korleis smittesituasjonen er og kva for smitteverntiltak som skal settast inn.

I dag er heile Norge på gult nivå. For barnehagane betyr dette at ein heil avdeling kan vere saman, og to avdelingar kan også samarbeide. Dette gjer det enklare å organisere dagane for barn og vaksne. Det vil framleis vere fokus på ekstra reinhald og god hygiene i tida framover.

Skule og SFO frå 08. juni

Frå 08. juni er alle elevar på skulen kvar dag. SFO har ordinære opningstider. Situasjonen for skulane er også på gult nivå. Det betyr at heile klassar kan vere saman, og ein-meters-regelen gjeld ikkje lenger. Det vil framleis vere fokus på ekstra reinhald og god hygiene i tida framover.

Vi er glade for at vi no er tilbake i ein tilnærma normal situasjon i barnehagar og skular.