Opning av Florø folkebibliotek for publikum
Forsiktig opning av biblioteket i Florø denne veka. Vågsøy folkebibliotek vert kanskje opna for publikum neste veke.Florø folkebibliotek opna i dag etter å ha vore koronastengt i over 9 veker. Vågsøy folkebibliotek opnar truleg i neste veke. No kan folk kome inn i biblioteket for å låne og levere bøker. Det vert nokre avgrensingar i tenestetilbodet og reduserte opningstider.
I Florø vert opningstidene førebels slik:
- Måndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 11.00 - 15.00
- Onsdag kl 13.00 - 18.00
- Laurdag kl 11.00 - 14.00 (stengt pinseaftan)
Avgrensingar:
- Maks personar samstundes i biblioteka (Florø 20, Vågsøy 10)
- Korte besøk
- Barn under 15 år må ha med føresette
- Kun 1 pc til nettbruk/utskrifter (ikkje speling)
- Avgrensa tal plassar på lesesal
- Framleis høve til å bestille bøker på førehand (via websøket, e-post eller telefon)
- Fjernlån – No kan vi låne bøker frå andre bibliotek, men det kan ta noko lengre tid enn normalt
Stengde tenester
- Besøk frå skuleklassar og barnehagar. Tilsette kan bestille bokdepot eller kome og plukke bøker sjølv
- Puslespel, spel lego og headsett er fjerna
Smittevern
- Bruk handsprit/antibac før og etter bibliotekbesøket
- Hald avstand til andre besøkande og tilsette (minimum 1 meter)
- Innleverte bøker vert lagt i karantene i 2 dagar
- Dersom du har luftvegsymptom eller feber, kan du ikkje besøke biblioteket
- Hyppig reinhald av flater og datautstyr, stolar
- Dei som ikkje ønskjer å gå inn i biblioteket, kan få levert bestilte bøker ved inngangsdøra
Biblioteket følgjer dei generelle råda frå Folkehelseinstituttet og smittevernrettleiing som er utarbeidd for bibliotek.
Opningstidene ved Vågsøy folkebibliotek når dei opnar:
- Tysdag og fredag kl. 10.00 - 13.00
- Onsdag og torsdag kl. 15.00 - 19.00
- Laurdag kl 10.30 - 14.00
Publisert avHenrik Ulriksen
Publisert19.05.2020 13.23
Sist endra19.05.2020 15.28