Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside. Lokal informasjon finn du her.

 

05.10.2020 10.56

Onsdag fekk Florø besøk av kronprins Håkon og kronprinsesse Mette-Marit

Onsdag fekk Florø besøk av kronprins Håkon og kronprinsesse Mette-Marit

Klikk for stort bileteFlorø får besøk av Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen onsdag 16.09.2020 Jørgen Gomnæs, Det kongelige hoff Den Høgvørde Kronprinsen besøkte frivillige i Florø for å lære om korleis koronapandemien har påverka frivillighetssektoren.

Føremåla med reisen var å møte menneske og miljø for å lytte til deira erfaringar og lære om utfordringane dei har møtt etter at pandemien traff landet i mars. Besøket i Florø var ein del av Kronprinsen sine besøk til fylker langs norskekysten som starta i veke 37. Temaet for besøket i Florø var frivillighet. 

Program

H.K.H. Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit kom med KS "Norge" og vart møtt av fylkesmann Lars Sponheim, ordførar Ola Teigen og visepolitimeister Olav Valland, og vart vist i lag med følgje til Florø kulturhus. Der ville ordførar og andre fortelje om Kinn kommune, om pandemien og kommunen, med eit fokus på frivillighet. 

Jorunn Bakke Nydal, prosjektleiar for Flyt, fortalde om Flyt i Kinn og Bremanger. Flyt er Kronprinsparets Fond sitt program for ungdom som ønskjer å nytte fritida si til å førebu framtida.

Det vart også presentasjon av Haffen ungdomshus, e-Sport, og av arbeidet til EVOY v/ dagleg leiar Leif A. Stavøstrand.

Bilder frå besøket