Kinn Kommune

Onsdag 12.01.22 klokka 12.00 testar sivilforsvaret sine alarmar

Onsdag 12.01.22 klokka 12.00 testar sivilforsvaret sine alarmar

Foto: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskapOnsdag 12. januar klokka 12.00 testar Sivilforsvaret signalet «Viktig melding – søk informasjon» i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg, 

Sivilforsvaret testar varslingsanlegga fast i januar og juni kvart år. Signalet sendast i tre seriar med eitt minutt opphald mellom seriane. Signalet betyr at du skal søke informasjon i for eksempel radio, tv, aviser, på myndigheitene sine nettsider og i sosiale medier.