Kinn Kommune

Odin kom til verda 3. januar - og er Kinn sitt førstefødde barn

Odin kom til verda 3. januar - og er Kinn sitt førstefødde barn

Klikk for stort bileteOdin kom til verda 3. januar i år, og er Kinn kommune sitt førstefødde barnForeldra Monika Refvik og Thomas Lillerovde fekk sonen Odin den 3. januar i år. Vi gratulerer!

Når Odin kjem til ein av dei fyrste milepælane i livet og skal starte i barnehage, får han gratis barnehageplass det fyrste året. Ordførar Ola Teigen overrekka gåvebrevet frå kommunen laurdag 11. januar.

Vi gratulerer så mykje til Odin og dei heldige foreldra.