Kinn Kommune

Nytt foreldreutval for barnehage og skule i Kinn

Nytt foreldreutval for barnehage og skule i Kinn

Klikk for stort biletenytt foreldreutval for barnehage (FUB) og foreldreutval for grunnskule (FUG) på plass.  No er nytt foreldreutval for barnehage (FUB) og foreldreutval for grunnskule (FUG) i Kinn kommune på plass.  

Styret for utvala hadde sitt fyrste møte i Florø torsdag 30. januar. Der snakka dei om korleis dei vil organisere arbeidet i utvala framover, og kva for saker utvala kan engasjere seg i. 
FUB og FUG har foreldrerepresentantar frå alle barnehagar og skular i kommunen, og skal engasjere seg i saker som er viktig for foreldra og som angår alle barnehagar og skular i kommunen.