Kinn Kommune

Nye Nepjarhaugen barnehage - No er bygginga starta!

Nye Nepjarhaugen barnehage - No er bygginga starta!

Illustrasjon av fasaden til nye Nepjarhaugen barnehage. - Klikk for stort bilete

Sommaren 2022 starta arbeidet med ny Nepjarhaugen barnehage i Florø. No er bygginga i gong, og til barnehagestart i august 2023 skal bygget stå ferdig. 

I desse dagar startar ein med røysing av stålsøyler for 1. etasje av barnehagen. Grunnarbeid med støyping av kjeller og ringmur er ferdig for resten av bygget.


Bygget skal ferdigstillast til nytt barnehageår i august 2023. Dagens barnehage vil vere i bruk fram til den nye barnehagen er klar. Då vil dagens barnehagebygg rivast og bli erstatta med det nye bygget. Dalvegen barnehage og Nyheimvegen barnehage skal også flytte inn, og vil saman utgjere nye Nepjarhaugen barnehage. Gro Hovland vert styrar for den nye barnehagen. 

Nye Nepjarhaugen barnehage vil ha ein kapasitet på 80 storbarnsekvivalentar fordelt på 4 avdelingar for barn i aldersgruppa 0-6 år. Bygget vil vere eit framtidsretta barnehagebygg som ivaretek behovet for fleksibilitet i høve barnehagedrift.

 

Kontakt

Per Arne Solheim
Prosjektleiar
E-post
Telefon +47 91 57 61 91

Prosjekter:
Ny Nepjarhaugen barnehage
Ny gymsal ved Florø barneskole