Kinn Kommune

Nye LED-gatelys i Florø

Nye LED-gatelys i Florø

Klikk for stort bileteKommunedirektør Terje Heggheim er glad for å tildele slike kontrakter til lokale entreprenørar. (F.v): Sigmund Solheim, prosjektansvarleg i Kinn; Frode Ellingsund, teknisk sjef; Terje Heggheim, kommunedirektør; Svein Terje Nødseth, dagleg leiar og Jostein Rognaldsen, prosjektansvarleg.Fokus Elektro har fått arbeidet med å montere nye LED-gatelys langs vegar og turstiar i Florødelen av Kinn. I dag signerte Kinn kommune og Fokus Elektro kontrakt på om lag 6 millionar kroner.

Om lag 2000 lyspunkt skal førast opp både i distrikta, sentrum og øyane. Fokus sin del av kontrakten er på om lag 6 millionar kroner. Heile arbeidet med å skifte ut gatelysa har ei totalramme på 12 millionar kroner, og er fordelt i tre delar. Prosjektet skal gå føre seg over ein periode på 4 år.