Kinn Kommune

Ny avtale mellom kommunen og Merkurprogrammet

Ny avtale mellom kommunen og Merkurprogrammet

Klikk for stort bileteVaraordførar Sidsel Kongsvik, Magne Svardahl og kommunalsjef Kristin Maurstad signerer avtale om vidareføring av Merkurprogrammet i KinnMåndag denne veka reiste kommunalsjef for innovasjon og utvikling Kristin Maurstad og varaordførar Sidsel Kongsvik rundt til dei fem Merkurbutikkane i kommunen og signerte ny avtale om kommunale servicepunkt. Butikkane det gjeld er nærbutikkane på Svanøy, Askrova/Tansøy, Stavang, Rognaldsvåg og Batalden.

Magne Svardahl frakta oss rundt med båt, og med på turen var også representantar for Merkur. Veret var dårleg, og vi fekk verkeleg oppleve kvardagen i øyane. Men mottakinga på butikkane var svært hyggeleg, og det var kjekt å få omvisning hos dei alle.

Butikkane hadde avtale med Flora kommune, og no er denne avtalen revidert og fornya, og gjeldande for tre år med Kinn kommune.

Hovudmålet med avtalen er å utvikle gode og funksjonelle tenester der folk bur for å skape trivsel, bulyst og vekstkraft. Avtalen gir nytteverdi for kommunen ved at butikkane utfører servicetenester. I tillegg skal avtalen bidra til at offentlege digitale tenester blir betre kjent og meir brukt av innbyggjarane. Sistnemnde har fått større fokus i den nye avtalen.