Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

Ingen nye koronasmitta personar i Kinn det siste døgnet (oppdatert 15. januar 2021).
15.01.2021 07.48

Nominasjonar til kulturpris, mangfaldspris og kultur- og idrettsstipend 2020

Nominasjonar til kulturpris, mangfaldspris og kultur- og idrettsstipend 2020

Klikk for stort bileteVi minnar om: Har du forslag til kven som skal få Kinn kommune sin kulturpris, mangfaldspris, ungdommens kulturpris eller kultur- og idrettsstipend for 2020? Alle kan nominere kandidatar til prisane og stipenda.

Kriteria for tildeling finn du under utlysinga på denne sida. Personar nominert skal ha ei tilknyting til kommunen.

Nominasjonane til prisane og stipenda skal merkast «Nominasjon kulturpris/mangfaldpris/ungdommens kulturpris/kulturstipend/idrettsstipend» etter kva pris / stipend ein nominerer til.

Søknadar skal innehalde:

  • Tydeleg merking av kva pris / stipend ein nominerar til
  • Namn og grunngjeving for vedkommande kandidat
  • Søknadane på stipend skal innehalde ei kort omtale av føremål med stipend og plan for gjennomføring

Send inn nominasjonar per e-post post@kinn.kommune.no.

Frist for innsending og spørsmål

Frist for innsending er 15. januar 2021. For meir informasjon kontakt Ylva Seljenes tlf. 57 84 51 33, e-post ylva.petrikke.seljenes@kinn.kommune.no.

Kriteriar for tildeling

Kulturpris:

Kulturprisen går til einskildpersonar, grupper, lag eller organisasjon som har utmerka seg innan kulturarbeidet i året som har gått, eller for lang og tru teneste og/eller stor innsats for kulturlivet i kommunen.

Alle som ønskjer det kan sende inn forslag til kandidatar. Forslaget må grunngjevast og sendast innan fristen.

Oppvekst- og kulturutvalet avgjer kven som skal tildelast kulturprisen anten frå forslag som er kome inn eller ved eigne forslag og grunngjevingar.

Mangfaldsprisen:

Mangfaldsprisen går til einskildpersonar, lag eller organisasjon som har utmerka seg innan kulturfeltet for integrering, samhald og forståing mellom folk frå ulike kulturar.

Alle som ønskjer det kan sende inn forslag til kandidatar. Forslaget må grunngjevast og sendast innan fristen.

Oppvekst- og kulturutvalet avgjer kven som skal tildelast mangfaldsprisen.

Kulturstipend og idrettsstipend:

Einskildutøvarar, ei gruppe utøvarar eller leiarar som driv aktivt med kultur/idrett kan søke på stipend. Stipendet er eit utøvarstipend som skal stimulere til vidareutvikling innan kultur/idrett.

Søknaden må grunngjevast og sendast inn innan fristen. Kinn kommune ønskjer å vektlegge born og unge ved utdeling, men det er ikkje aldersgrense på tildelingane.

Oppvekst- og kulturutvalet avgjer kven som skal tildelast kultur- og idrettsstipend.

Ungdommens kulturpris:

Prisen går til nokon som har lagt ned stor innsats for å styrke ungdomskulturen, eller har utvikla seg sjølv til eit høgt nivå innan eit kulturområde eller har gjort ein stor innsats for andre ungdommar.

Prisen kan bli utdelt til enkeltpersonar, organisasjonar eller grupper.

Ungdommens kommunestyre avgjer kven som skal tildelast ungdommens kulturpris.