Kinn Kommune

No kan du søke på kommunalt næringsfond i Kinn!

No kan du søke på kommunalt næringsfond i Kinn!

Klikk for stort bileteTreng du støtte til investering eller bedriftsutvikling i di bedrift? Eller har du eit prosjekt som profilerer fleire bedrifter i Kinn kommune?

Kinn kommune sitt næringsfond skal vere eit verkemiddel i arbeidet for å styrke næringsliv og busetting i Kinn kommune. Løyvingar av fondet skal stimulere til å skape arbeidsplassar gjennom nyskaping og innovasjon i eksisterande næringsliv, og etablering av nye verksemder i kommunen.

Fondet dekkjer i hovudsak tre kategoriar tilskot:

  • Investeringstilskot – til investeringar i bygg, utstyr og maskiner. Det vert ikkje gitt stønad til oppføring av bygg.
  • Bedriftsutviklingstilskot – til etablerarstipend, kompetanseheving, produktutvikling, marknadsundersøkingar, planlegging, konsulenttenester og opplæring.
  • Kunnskapsretta infrastruktur – dette gjeld regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv, prosjekt og tiltak som kjem til nytte for næringslivet i kommunen/regionen og lokale analysar/utgreiingar.

Alle søknader skal registrerast på www.regionalforvaltning.no for å bli behandla. Her må du opprette ein brukar, og fylle ut eit elektronisk skjema.

Søknadsfrist er 31.12.2020, søknader til fondet vert kontinuerleg behandla gjennom året.

Kommunestyret i Kinn kommune har delegert til Aksello AS å forvalte det kommunale næringsfondet.

Har du spørsmål til søknaden, ta gjerne kontakt med Aksello.

Kontaktperson:
Lone Bareksten, dagleg leiar
E-post: lone@aksello.no
Tlf: 47262635
www.aksello.no