Kinn Kommune

No kan du søke om tilskot til trafikktryggingsaktivitetar!

No kan du søke om tilskot til trafikktryggingsaktivitetar!

Klikk for stort bileteTo gongar om året deler Vestland fylkeskommune ut tilskot til aktivitetar som bidrar til å tryggje trafikk og trafikantar. Søknadsfristar er 1. desember 2021 og 1. september 2022.

Kven kan søke? 

Kommunar, skular og barnehagar (inkludert FAU), lag og foreiningar, organisasjonar, institusjonar og aksjonsgrupper kan søke om tilskot.

Ordninga gjeld innanfor Vestland fylke. Landsomfattande organisasjonar kan ikkje bli tildelt midlar sentralt. 

Kva kan du få tilskot til?

Ein kan få tilskot til haldningsskapande tiltak, informasjonstiltak, opplæringstiltak (inkludert trafikantopplæring), arrangement, kampanjar, aksjonar og prosjekt (med meir) som bidrar til å tryggje trafikk og trafikantar.

Tiltaka skal støtte opp om målet for ordninga. Reine fysiske tiltak vil normalt falle utanfor ordninga. 

Tilskotsordninga har to årlege tildelingar med kvar sin søknadsfrist. For 2021 gjeld desse søknadsfristane:

  • 1. desember 2021 (1. tildeling)
  • 1. september 2022 (2. tildeling)

Les meir om ordninga og korleis søke her.