No kan du hente hurtigtestar på servicetorga i Florø og Måløy
Du kan hente hurtigtestar på servicetorga i Florø og Måløy mellom kl. 09.00-15.00 mandag-fredag.
Utlevering av hurtigtestar
Du kan hente hurtigtestar på servicetorga i Florø og Måløy mellom kl. 09.00-15.00 mandag-fredag.
Hurtigtestane blir delt ut i 5-pakningar, og det er maks 3 pakkar per person grunna begrensa kapasitet på hurtigtestar.
Følgande er anbefalt å teste seg med hurtigtestar:
- Vaksne med luftvegssjukdom er anbefalt å sjølvteste seg
Har du fått positivt resultat på ein korona sjølvtest? Då ber vi om at du registrerer prøvesvaret ditt elektronisk her.
Personar som ikkje er i ei prioritert gruppe, men som likevel ønsker å teste seg, kan kjøpe testar på apotek og i enkelte butikkar. Testane må då betalast av den enkelte.
Positiv korona hurtigtest:
- Har du fått stadfesta koronasmitte er det anbefalt å halde seg heime i 4 døgn frå symptoma starta og til ein har vore feberfri i eitt døgn.
- Anbefaling om å halde seg heime i 4 døgn gjeld ikkje for barn i barnehagealder og skuleelevar, som berre skal halde seg heime om dei er sjuke.
- Informer leiar om du er helsepersonell.
- Positiv hurtigtest er sikker bekrefting på at du er smitta av covid-19.
- Registrer svaret på: hjemmetest.remin.no/kinn.
- Dersom du ikkje er fullstendig vaksinert og treng bekrefting av praktiske årsaker, kan du ta PCR test på legekontoret.
- Dei som har fått oppfriskingsdose (booster) eller er grunnvaksinerte og etterpå har gått gjennom koronasjukdom dei siste 3 månadane skal ikkje ta PCR test.
- Har ein testa positiv på ein hurtigtest skal ein ikkje teste seg på ny i sjukdomsperioden.
- Har du tatt PCR test? sjekk ditt prøvesvar på Helsenorge.no.
Publisert avFrida Rogne
Publisert27.01.2022 14.09
Sist endra01.04.2022 09.21