Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

Ingen nye koronasmitta personar i Kinn det siste døgnet (oppdatert 15. januar 2021).
15.01.2021 07.48

Nasjonal portal for bekymringsmelding til barnevern

Nasjonal portal for bekymringsmelding til barnevern

Klikk for stort bileteKinn tar i bruk nasjonal portal for bekymringsmeldingar digitaltEr du bekymra for eit barn, og vil melde dette vidare til oss? No kan du gjere dette via elektronisk skjema på nett – då går meldinga direkte til barnevernstenesta.

Fordelen med det elektroniske meldesystemet er at det kjem fram til barnevernstenesta med ein gong på ein sikker måte. Dette er også tryggare enn å sende bekymringsmeldingar per post, og kvaliteten på innhaldet blir betre.

Korleis fungerer det?

Løysinga består av to ulike skjema; eitt for privat meldar og eitt for offentlege tilsette. Du loggar deg inn i portalen, fyller ut og sender bekymringsmeldinga derfrå. Løysinga vil då levere bekymringsmeldinga direkte til kommunen sitt fagsystem.

Løysinga er godt rusta for å ta i vare personvern og informasjonssikkerheit.

Løysinga

Du kan gå vidare til dei to skjemaene ved å nytte lenkene under:

Bekymringsmelding for privatpersonar

Bekymringsmelding for offentleg tilsette