Møte i formannskapet 26. november

Tysdag er det møte i formannskapet. I denne artikkelen får du ei kort oppsummering av relevante saker som skal behandlast, og lenke til sakliste og direktesending.

Samfunnsdelen til kommuneplanen 2024-2036 og planstrategi

Samfunnsplanen som vi kallar den var først til handsaming i formannskapet i november i fjor. Formannskapet vedtok då at planen skulle utsettast og jobbast vidare med, ut i frå føringar frå politikarane. Politikarane fekk ein revidert versjon til handsaming 13. juni 2024, og vedtok då at samfunnsplanen skulle leggast ut til offentleg høyring. Planen vart då lagt ut frå 1. august i år til 30. september. I denne perioden fekk vi 7 merknader frå offentlege høyringsinstansar, 22. merknader frå lag og organisasjonar, 331 personar har signert på innbyggarinitiativ om å behalde Raudeberg skule, og 33 forslag kom frå privatpersonar.

Merknadane som kom inn i høyringsperioden er lagt ved saka som politikarane no skal handsame, og dei kan gjere endeleg vedtak og godkjenne planen slik den ligg føre.

Temaplan for oppvekst 2022-2034

Temaplanen var oppe til handsaming i oppvekst- og kulturutvalet tysdag førre veke, og utvalet si innstilling i saka følgjer saksframlegget til formannskapet. Saka har også vore omtalt i lokalaviser. Utvalet vedtok følgande:

Oppvekst- og kulturutvalet sitt vedtak i saka:

  1. Kinn kommunestyre vedtek temaplan for oppvekst 2022-2034, med prinsipp og føringar for tenesteutvikling i planperioden. 
  2. Stavang skule vert lagt ned med verknad frå 01.08.2025, og elevane vert overført til Florø barneskole, alternativt Eikefjord barne- og ungdomsskule. Sak om utgreiing av nytt opptaksområde for noverande Stavang skule, vert starta opp snarast. 
  3. Det vert innan våren 2026 arbeida fram grunnlag for områdeplanar for dei ulike bydelane som er omhandla i temaplan (Raudeberg, Skavøypoll, Florø Barneskole, Krokane, Torvmyrane og Brandsøy), der framtidig utnytting av områda med og utan skule vert drøfta og visualisert. Plan skal ta føre seg alle samfunnsforhold, som tettstadsutvikling, infrastruktur rundt objekta og tilkomst til og frå, tryggleik for barn og unge , knutepunkt, samhandling og andre funksjonar. Grunnlag må og samsvare med kommunen sin visjon om å halvere klimagassutslipp både innafor energi, transport, samt varer og tenester. Det må kome fram kostnadar både økonomisk og klimamessig. Arbeidet skal ha brei involvering.

Budsjett, økonomiplan og handlingsprogram

Både Kinn kommune og dei kommunale føretaka legg fram sine budsjett, økonomi og handlingsprogram. For Kinn kommune sin del kan du lese kommunedirektøren si omtale av den økonomiske situasjonen i denne artikkelen.

Fusjonsplan for SFE og Eviny

Styra i Sogn og Fjordane Holding AS (SFE Holding) og Eviny AS inngjekk intensjonsavtale der ein vart einige om å gjennomføre ein utgreiingsprosess for å gi svar på kva framtidig eigarstruktur i SFE som er til det beste for eigarane og Sogn og Fjordane Energi. Etter at utgreiingsarbeidet var gjennomført har styret i SFE Holding og SFE gjeve eigarene råd om å ikkje å gå vidare med fusjon mellom SFE og Eviny. Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak viser til styra i SFE Holding og SFE sine tilrådingar, og ber om at vidare arbeid med fusjon mellom SFE og Eviny vert lagt vekk på dette tidspunkt.

Samarbeid og samskaping mellom Kinn kommune og frivillig sektor

Saka følgjer opp målsettingar nemnd i kommuneplanen sin samfunnsdel. Saka gir vurderingar og tilrådingar på strukturar som kan skape meir samarbeid og samskaping mellom frivillig sektor, kommune og andre aktørar for å styrke lokalsamfunnet. Den gir også tilrådingar for handtering av fritidserklæringa. Saka vurderer og organisering av dei 2 store samarbeidsflatene kommunen har for arbeid retta mot frivillig sektor (kultursektoren ved frivilligsentralane, og helse- og velferdssektoren med LevVel). Du kan lese meir om dei ulike måtane samarbeid er føreslått i saksframlegget her.

Sakliste og direktesending