Kinn Kommune

Merkur-programmet vert vidareført i Kinn

Merkur-programmet vert vidareført i Kinn

Klikk for stort bileteMerkur-programmet vert vidareført i Kinn kommuneI dag hadde Kinn kommune møte med Merkur og dei fem nærbutikkane i Merkurprogrammet: Svanøy, Askrova/Tansøy, Stavang, Rognadsvåg og Batalden.

Butikkane har hatt avtale med Flora kommune om samarbeid om ulike tenester til innbyggjarane. Denne avtalen blir no fornya og vidareført i Kinn kommune. I dag starta arbeidet med å revidere avtalen, med tanke på signering i løpet av våren.

Eksempel på oppgåver som butikkane utfører er tilgang til PC, informasjonspunkt i bygdene, utkøyring av varer, folkehelsetiltak og sosiale møtepunkt.

Særleg vil ein i den nye avtalen ha fokus på korleis butikkane kan nyttast til å gje digital hjelp til innbyggjarar som treng det. Det kan vere hjelp til å orientere seg i kommunale og statlege digitale tenester, søking på nettet, kjeldekritikk m.m.

Varaordførar Sidsel Kongsvik og kommunalsjef for innovasjon og utvikling Kristin Maurstad, vil ha hovudansvar for oppfølging av butikkane.

Kinn kommune set stor pris på aktiviteten og engasjementet hos nærbutikkane, og ser fram til vidare samarbeid!