Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

16.07.2021 08.29

Markering av 22. juli i Florø og Måløy

Markering av 22. juli i Florø og Måløy

Klikk for stort bileteDen 22. juli blir det markering av den nasjonale tragedien som skjedde for 10 år sidan. Unsplash.com Den 22. juli i år markerer 10 år sidan terrorangrepa i 2011. Vi markerer dette i Florø og Måløy torsdag 22. juli.

Kommunedirektør Terje Heggheim ønskjer velkomen, og det vert tale frå ordførar Ola Teigen, ungdomsordførar Håkon Skram Heggen og representant frå Arbeidarpartiet v/ Solveig Willis. Det blir musikalsk innslag frå Michi Barti Fiedczak og Sanja Dukanac.

Tidspunkt og stad for oppmøte

  • Oppmøte i Florø kl. 10.30 – 11.00 - rådhusplassen
  • Oppmøte i Måløy kl. 13.30 – 14.00 - Torget