Kinn Kommune

LEV VEL - Kulturprogram

LEV VEL - Kulturprogram

Klikk for stort bileteLEV VEL er Kinn kommune sine arrangement retta mot vaksne. Her finn du kulturprogram for haust/vinter 2020. 

Kvar torsdag inviterer Kinn kommune til Ope Hus. Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til kulturelle aktivitetar på Kystmuseet, Florø kulturhus, Havglytt og Florø Kyrkje. Vi tilbyr også gratis skyss til vårt program på torsdagar. Nedanfor finn du program for ope hus og oversikt over dei faste aktivitetane som blir arrangert kvar veke.

Sjå brosjyre frå LEV VEL (PDF, 2 MB)

Gratis skyss:
Ønskjer du skyss til Ope Hus på torsdagar?
Ring Informasjon og service på tlf. 57 75 60 03 innan onsdag kl.12.00. Oppgi namn, telefon-nr. og henteadresse. Ver klar for henting ein time før arrangementstart.