Kinn Kommune

Lån gratis sports- og friluftsutstyr hos BUA Florø

Lån gratis sports- og friluftsutstyr hos BUA Florø

Hos BUA Florø kan du låne gratis sports- og friluftsutstyr. Målgruppa er barn og unge, men alle kan låne utstyr så lenge ein er over 18 år, og har registrert adresse i Norge. BUA Florø har utstyr til både land- og sjøaktivitet, til overnatting, fjelltur, leik og moro

Her kan du sjå kva utstyr vi har tilgjengeleg 

Alle som ynskjer å låne utstyr må registrere seg i utlånssystemet med namn, telefonnummer og e-post. Fint om du gjer dette før du kjem.

Dei som er under 18 år må registrere seg som medlånetakar gjennom ein vaksenperson.

Det er Turistinformasjonen som bemannar BUA Florø så du må henvende deg der. Kom innom i våre opningstider og lån utstyr.

Du kan ikkje bestille eller reservere utstyr.

BUA Florø held til i Strandgata 32 i Florø, rett ved rådhuset. Hugs å henvende deg hos Turistinformasjonen.