Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside. Lokal informasjon finn du her.

 

05.10.2020 10.56

Kven fortener Trafikktryggingsprisen i Vestland 2020?

Kven fortener Trafikktryggingsprisen i Vestland 2020?

Klikk for stort bileteNominer kandidatar til trafikktryggingsprisen 2020! Anders Aa Hagen - Trygg Trafikk Vestland fylkeskommune deler kvart år ut ein trafikktryggingspris til nokon som har utmerka seg i trafikktryggingsarbeidet. Både personar, lag og organisasjonar kan motta prisen. No ønsker fylkeskommunen forslag til kandidatar til prisen velkomne.

Alle innbyggarar i fylket har høve til å kome med forslag innan fristen 19. oktober. For å nominera må ein gå inn på vestlandfylke.no/trafikktryggingsprisen, der ein finn skjema.

Trafikktryggingsprisen er på 50 000 kr., og det er trafikktryggingsutvalet i Vestland som avgjer kven som får den. Prisen vert delt ut på den årlege trafikktryggingskonferansen i Vestland. Med dette fortset fylkeskommunen tradisjonen frå Sogn og Fjordane og Hordaland med å heidra folk som utmerkar seg i trafikktryggingsarbeidet.