Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

23.04.2021 08.02

Kulturpris, mangfaldpris og kultur- og idrettsstipend 2021

Kulturpris, mangfaldpris og kultur- og idrettsstipend 2021

Klikk for stort bileteHar du forslag til kven som skal få Kinn kommune sin kulturpris, mangfaldspris eller kultur- og idrettsstipend for 2021? No kan du sende oss dine nominasjonar.

Merk forslag med «Nominasjon kulturpris/mangfaldpris/kulturstipend/idrettsstipend» etter kva pris/stipend du nominerer til.

Nominasjonen skal innehalde

  • tydeleg merking av kva pris/stipend ein nominerer til
  • namn og grunngjeving for vedkommande kandidat

Søknadane på stipend skal innehalde ei kort omtale av føremål for stipend og plan for gjennomføring.   

Her kan du nominere til ungdommens kulturpris.

Send inn nominasjonar til post@kinn.kommune.no.

Grunna få nominasjonar forlengjer vi fristen for innsending – kom med dine forslag! Ny frist for innsending er 30. april 2021.

Kulturprisen

Kulturprisen går til einskildpersonar, grupper, lag eller organisasjon som har utmerka seg innan kulturarbeidet i året som har gått, eller for lang og tru teneste og/eller stor innsats for kulturlivet i kommunen.

Alle som ønskjer det kan sende inn forslag til kandidatar. Forslaget må grunngjevast og sendast innan fristen.

Oppvekst og kulturutvalet avgjer kven som skal tildelast kulturprisen anten frå forslag som er kome inn, eller ved eigne forslag og grunngjevingar.

Mangfaldsprisen

Mangfaldsprisen går til einskildpersonar, lag eller organisasjonar som har utmerka seg innan kulturfeltet for integrering, samhald og forståing mellom folk frå ulike kulturar.

Alle som ønskjer det kan sende inn forslag til kandidatar. Forslaget må grunngjevast og sendast innan fristen.

Oppvekst og kulturutvalet avgjer kven som skal tildelast mangfaldsprisen.

Kulturstipend og idrettsstipend

Einskildutøvarar, ei gruppe utøvarar eller leiarar som driv aktivt med kultur/idrett kan søke på stipend. Stipendet er eit utøvarstipend som skal stimulere til vidareutvikling innan kultur/idrett.

Søknaden må grunngjevast og sendast inn innan fristen. Kinn kommune ønskjer å vektlegge born og unge ved utdeling, men det er ikkje aldersgrense på tildelingane.

Oppvekst og kulturutvalet avgjer kven som skal tildelast kultur- og idrettsstipend.

Kontakt

Ylva Petrikke Seljenes
Bibliotekar og kulturmedarbeidar, Måløy
E-post
Telefon 57 84 51 33