Kinn Kommune

Aktuelt

23.06.2022 08.43

Kringom blir Skyss: Frå 20. juni blir det nye bussprisar

Kringom blir Skyss: Frå 20. juni blir det nye bussprisar

20. juni innfører Skyss nye bussprisar i Sogn og Fjordane, etter fylkestinget sitt vedtak i desember. Vestland fylke får dermed felles prisar og betalingsmåtar for buss.

Endringa tyder at bussreiser blir billegare for dei fleste. I dag betaler ein dei fleste stader for tal kilometer ein reiser. Med sonepris vil ein frå 20. juni betale ein fast pris, uansett kor langt ein reiser innafor sona. 

Sogn og Fjordane blir delt i fire prissoner, og til saman blir det ti soner i heile Vestland. Ein betaler aldri for meir enn fire soner. Dei nye soneprisane vil gjelde på Skyss sine busslinjer og ikkje på ekspressbussar.

Les meir på Skyss sine sider