Kinn Kommune

Aktuelt

25.05.2022 08.32

Kranselag og bruopning på Fjord Base

Kranselag og bruopning på Fjord Base

Kranselag og bruopning på Fjord Base - overrekking av blomster frå leiar i PMNU i Kinn kommune Jacob Nødseth - Klikk for stort bileteOnsdag var det ein stor dag på Fjord Base i Florø, med to store milepælar.

Først var det offisiell opning av brua som bind saman Gaddholmen og Naustholmen. Opninga var det banksjef Jo Dale Pedersen i Sparebanken Sogn og Fjordane som gjennomførte, ved å vere den første som nokon gang padla gjennom kulverten under brua. Dette markerer at Naustholmen no er inne i siste fase, før området vert klargjort for nye og bærekraftige prosjekt.

Saman med Norcod bygger HMY Norge sitt største yngelanlegg for torsk, og det var òg ei markering av at bygget no har tett tak. Anlegget skal stå ferdig i haust.

Kinn kommune v/ leiar for plan-, miljø og næringsutvalet, Jacob Nødseth, delte ut blomar frå kommunen og heldt ei lita tale til dei frammøtte. Han understreka kor positivt det er for Kinn kommune å ha eit framoverlent næringsliv som ikkje berre snakkar om det grøne skiftet, men gjennomfører det i praksis og skapar varige grøne arbeidsplassar.