Koronasmitte i Kinn dei siste dagane
Det er påvist 5 positive prøveresultat for koronasmitte i Kinn dei siste dagane. Dei positive prøvene er frå arbeidsinnvandrarar. Arbeidsgjevarar vert oppmoda om å få sine tilreisande arbeidarar testa ved ankomst til kommunen.
Kinn har 3 positive prøver i Florø og 2 i Måløy-området. Dei testa er arbeidsinnvandrarar. Ein av prøvene vart tatt i Kinn kommune, dei resterande prøvene er tatt på flyplass ved ankomst til landet. Det er minst 15 nærkontaktar som er i karantene, og vert følgd opp for testing.
Oppmoding til arbeidsgjevarar
Kinn har tatt i mot om lag 300 arbeidsinnvandrarar sidan nyttår. Arbeidsgjevarar vert difor oppmoda om å be alle sine tilreisande arbeidstakarar om å teste seg for koronasmitte ved ankomst til kommunen. Arbeidsgjevarar bør også syte for eigna lokale for karantene og isolasjon dersom behovet skulle oppstå.
Publisert avHenrik Ulriksen
Publisert12.01.2021 08.33
Sist endra13.01.2021 08.09