Kinn Kommune

Korona: Nye nasjonale tiltak og kva det betyr for Kinn kommune

Korona: Nye nasjonale tiltak og kva det betyr for Kinn kommune

I går kveld presenterte regjeringa nokre endringar i dei nasjonale tiltaka som gjeld frå i dag 14. januar. Reglar for skular og barnehagar gjeld frå laurdag 15. januar. Regjeringa vil gjere ny vurdering av tiltaka i starten av februar.

For Kinn kommune betyr dette at:

  • Skulane og barnehagane våre skal drivast på grønt nivå etter trafikklysmodellen frå måndag 17. januar. Dette vart bestemt i eit møte med rektorar og styrarar i dag.
  • Kommunen sine idrettshallar, symjehall og bibliotek drivast etter gjeldande krav til smittevernfagleg forsvarleg drift. Det er no opna for innandørs aktivitetar i grupper på 20 personar både for dei under og over 20 år, men med 1 meter avstand for dei over 20 år (2 meter ved intensiv trening).
  • Det skal framleis vere heimekontor for alle der dette er praktisk mogleg og ikkje til hinder for viktig og naudsynt arbeid, til dømes utføring av naudsynte og lovpålagte oppgåver til sårbare grupper, barn og unge.
  • Næraste leiar syter for at arbeid kan utførast i tråd med gjeldande reglar om avstand, bruk av munnbind og generelt smittevern. Det er ikkje krav om munnbind i møte med sårbare grupper, barn og unge.

Fullstendig oversikt over gjeldande råd og reglar finn du her. Vi oppmodar om at du set deg godt inn i desse råda og reglane.