Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside. Lokal informasjon finn du her.

 

05.10.2020 10.56

Konkurranse - Vil du hjelpe oss å utvide vår nye kunstdatabase?

Konkurranse - Vil du hjelpe oss å utvide vår nye kunstdatabase?

Klikk for stort bileteVeit du kven som har laga dette? Vi veit ikkje. Kinn kommune Kinn kommune har ein splitter ny kunstdatabase!  Plattformen som brukast er Norges Kunstdatabase, som gjer kunst ‘kjent og tilgjengeleg’ og som nyttast av fleire kommunar over heile Norge. Vi treng di hjelp for å utvide samlinga vår med fleire bilder! Vi treng også hjelp til å identifisere kunst som er ukjent for oss.

Konkurranse

Vi treng også dine beste digitale naturbilder, kulturminne- og arkitekturbilder frå Kinn kommune.

Hugs å ta med:

  • namn
  • adresse
  • tittel på verket
  • liten skildring av verket

Alle bildene som blir sendt inn digitalt før 31. oktober med komplett informasjon skal leggast til databasen, og er med i trekning av 8 kinobilletter (4 i Florø, 4 i Måløy).

Send bileta per e-postvedlegg til Morgan Stavøstrand, e-post morgan.stavostrand@kinn.kommune.no.

Kunstdatabasen kan du sjå her! Vi gler oss å høyre frå deg!

Føremålet med databasen og nettgalleri

Bruk av Norges Kunstdatabase skal syte for kartlegging og betre oversikt over kunsten som Kinn kommune forvaltar.  På Kinn sitt eige nettgalleri kan du etter kvart sjå bilete av kunst frå offentlege bygg og institusjonar i Kinn, som du elles ikkje hadde hatt tilgang til, samt skulpturar, arkitektur, attraksjonar, natur og spennande gatekunst i Måløy og Florø.

Vi held på med å bygge opp databasen med riktig informasjon om kunsten og kunstnarane og treng hjelp frå deg til å identifisere den kunsten som framleis er ukjent. Ta gjerne kontakt med Morgan viss du kjenner til kunst som er ukjent for oss!

Kontakt

Morgan Stavøstrand
Kulturkonsulent
E-post
Telefon 483 51 672