Kinn Kommune

Kommuneplanen sin arealdel - vedtak av planprogram

Kommuneplanen sin arealdel - vedtak av planprogram

Klikk for stort bileteI samsvar med forskrift om konsekvensutgreiingar vedtok Kinn kommunestyre den 16. juni 2020, i sak 103/20, planprogram for ny kommuneplanen sin arealdel.

Kommuneplanen sin arealdel er kommunen sitt overordna styringsdokument for all arealbruk i kommunen. Planprogrammet fortel i korte trekk korleis ein skal lage denne planen. 

Planprogrammet og saksutgreiinga finn du her:

Les planprogrammet og kom gjerne med innspel til planen. Send desse innspela til post@kinn.kommune.no. 

Spørsmål?

Kontakt sakshandsamar Anders Espeset på e-post anders.espeset@kinn.kommune.no, eller per tlf. 952 27 275.

Saksdokument og planprogram